Om oss

Vik Ørsta AS er det største enkeltselskapet i Saferoad Group i Norge med ca. 300 tilsette. Vi produserer og leverer produkt innanfor marknadsområda Rekkverk, Bergsikring, Lysmast og Marina. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre og har historie heilt tilbake frå 1947.

forrest

ESG

Les meir om korleis vi jobbar med klima og miljø, sosiale forhald og ansvarleg og etisk forretnings styring.

Vik Ørsta sitt ESG arbeid

Vik Ørsta – ein del av Saferoad Group

Saferoad Group er ein leiande leverandør av sikkerheitsløysinga for vegar i Europa. Konsernet har meir enn 75 års erfaring og tilbyr eit breitt spekter av innovative høgkvalitetsprodukt og løysingar skreddarsydd for å auke sikkerheita for trafikantane. Selskapet er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar.

Selskapet har 2500 medarbeidarar i 13 land. Bli betre kjent med korleis Saferoad bidreg til eit tryggare liv på vegen: www.saferoad.com

ørsta stålindustri

Vår historie

Det starta med kraft- og telegraflinjer i 1947 og har utvikla seg til høgkvalitets trafikksikringsprodukt som er med på å gjere livet på vegen tryggare.

Sjå heile historia vår

Verdiane våre

Verdiane våre fortel kven vi er og kva som er viktig for oss som bedrift. Omtanke, driv og integritet ligg til grunn i alt vi gjer, og gir retninga for korleis vi ønsker å opptre og kva mål vi jobbar mot.

Som bedrift strekk vi oss for å nå måla vi har sett, og jobbar hardt for å levere høg kvalitet til kundane våre. Vi set høge standardar for oss sjølve og er alltid på jakt etter moglegheiter for å vekse og utvikle oss vidare.

tunnel

Vik Ørsta og FN sine berekraftsmål

Vi meiner at norsk industri og lokal produksjon er vegen å gå når verda saman skal løyse dei globale miljøutfordringane.

Med fokus på miljøet

Sponsing

Vi ser at den frivillige innsatsen gjer bygdene våre meir attraktive å bu og arbeide i og sponsar difor frivillige lag og organisasjonar i Vik i Sogn og i Ørsta. Omkringliggande kommunar med interkommunale tilbod kan også søke om støtte.

Les meir og send inn din søknad