Søk om sponsormidlar

Vi ser at frivillig innsats gjer bygdene våre meir attraktive å bu og jobbe i, og sponsar difor lag og organisasjonar som skaper aktivitet for born og ungdom. Vi ønskjer å støtte tiltak som bidreg til fellesskap og trivsel i lokalsamfunnet.

Desse støttar vi:

    • Aktivitetar som i hovudsak legg til rette for born og ungdom

    • Aktivitetar som går føre seg i kommunane Vik i Sogn eller i Ørsta.
      Omkringliggande kommunar med interkommunale tilbod er også velkomne til å søke

    • Frivillige lag og organisasjonar

Vi støttar ikkje

  • Aktivitetar eller investeringar som er det offentlege sitt ansvar
  • Vedlikehald eller oppføring av bygg
  • Enkeltutøvarar
  • Enkeltpersonar sine prosjekt, til dømes utstillingar, konsertar og utgivingar
  • Skuleturar
  • Russebil/arrangement/feiring

Søknadsfrist: 1. februar

Søknader som kjem inn etter søknadsfristen blir vurderte året etter.

Send inn din søknad

Fortel oss litt om organisasjonen eller laget ditt og send inn din søknad.

Søk om sponsormidlar