Go directly to Globalmenu Go directly to Submenu Go directly to Maincontent Go directly to Contactinfo
Globalmenu
Maincontent

Monteringsanvisningar

Her har du muligheit for å laste ned monteringsanvisningar for ein del produkt. Filene er tilgjengeleg i pdf-format.

Monteringsanvisninger

Teknisk informasjon:

Dimensjonering
Lysmastene er dimensjonert for dynamisk vindlast etter NS-EN 1991-1-4 Eurocode 1. I standarden er det utforma ein fylkesvis liste over gjeldande referansevindhastigheter (Vref) for alle kommunar i landet. Tabellen "Maks armaturflate" i prislista, viser høgaste tillatte vindflate pr m² som masta er dimensjonert for i dei ulike vindhastigheitene. Ved behov for dokumentasjon, sender vi berekning av aktuelle master på forespørsel.

Delte master
For å lette transport og lagring vert alle standard veglysmaster som har totallengde over 6,5 m levert delt. Dette vil gi lavare transportkostnad, kortare leveringstid og større fleksibilitet ved utforming av mastetoppar o.l. Alle standardmaster vil også kunne leverast pulverbelagt i ønska farge. Delingen er basert på same prinsipp som på utliggermaster, som er utprøvt i ei årrekke i værharde strøk. Monteringa skjer enkelt og raskt ved montering av 3 kraftige, rustfrie settskruar. Dei delte mastene er merka med D i varenummeret.

Lukeopning
Rotdiameter ø108 og ø114 - opning 85x300 mm.
Rotdiameter ø140 og større - opning 100x400 mm.

Produksjon
Lysmastene er samansveisa av operatørar som er opplært og sertifisert etter NS-EN 287-1.

Stålkvalitet
Sylindriske stålrør er heilsveist og i kvalitet S355.
Koniske rør er i kvalitet S235.
Fotplater er min. kvalitet S355.
Fundamentbolter er i kvalitet 8.8 eller K 500 TE.
Settskruar er rustfrie i kvalitet A4.

Fundamentering
Av dei to fundamenttypane fotplate og nedstikk, er fotplate den mest vanlige.

Fotplate: Tabellen i prislista angir senteravstand på fotplata. Ved val av fundament må senteravstanden stemme overeins med fundament eller forankringsrammer. Fotplateløysninga gir gode opprettingsmuligheiter ved å justere mutterane på fundamentet. Fotplateutførelsen er også best med tanke på korrosjonsskadar ved bakkenivå.

Nedstikkfundament: Rotdiameteren på mastene står i mastetabellane, som må stemme overeins med diameter på fundament, tetningsdeksel og låsering. Fundamentet har ingen opprettingsmuligheiter av mastene.

Leveringstider
Normal leveringstid på lagerførte artikler vil vere inntil 10 dagar. På artiklar som ikkje er lagerførte, vil normal leveringstid vere ca. 4 arbeidsveker.

Salgsbetingelsar
Prisane er gitt EXW Ørsta Incoterms 2010 og ekskl. mva., dersom ikkje anna er avtalt. Betalingsbetingelsar er netto pr 15 dagar. Øvrige betingelsar etter NL 09. Frakt forskotsbetalast og førast på faktura. Utvekslingsemballasje fakturerast etter gjeldande satsar. Retur av varer må alltid avtalast på førehand, og merkast med ordrenummer/fakturanummer.

Korrosjonsvern/overflatebehandling
Alle produkt er varmforsinka etter EN-ISO 1461. På førespurnad leverer vi sertifikat som dokumenterar sinktjukkelse og utførelse. Større beleggstjukkelse kan bli levert på bestilling. Pulverlakkering av master har blitt meir vanlig dei seinare åra. Det varmforsinka stålet blir sinkfosfatert i ei sju-trinns forbehandling før polyesterbelegging.

CombiCoat®, som er vårt varemerke på varmforsinking og pulverlakkering, auker levetida på produkta. Lysmastene kan bli levert i ønska RAL- eller NCS-farge. Alle produkt med varenummer som sluttar på C, er behandla med CombiCoat®

Globalmenu

Kontaktinfo

Vik Ørsta AS
Strandgata 59
N-6150 Ørsta

Tlf:    +47 70 04 70 00

firmapost@vikorsta.no 

Snarveier

Bestill lysmaster fra Vik Ørsta via e-post  Bestillinger (e-post)

Kontakt oss - Vik Ørsta AS   Kontaktskjema

Vik Ørsta AS - Nyhetsbrev   Påmelding nyhetsbrev

Aktivitetskalender - Vik Ørsta AS   Aktivitetskalender

Vik Ørsta AS - Våre lokasjoner med qr-kode   Vi er her (qr-koder)